Slik lagar vi biogass og grøn energi
Når gjødsel frå landbruk, slam frå havbruk og avfall frå marin industri råtnar, så dannar det seg biogass/bio-metan (CH₄).
Biogass kan brukast til å produsere mellom anna straum, varme og drivstoff. Restproduktet blir biogjødsel som kan brukast til jordforbetring og høgverdig biogjødsel i våt- og tørrfraksjonar.
Havila Biogass utnyttar desse kjemiske prosessane med effektiv og velprøvd teknologi i eit nettverk av anlegg. Slik bygger vi verdikjede og leverandørkjede som gir næringslivet tilgang til grøn energi og kraft til å produsere med nullutslepp og konkurransedyktige prisar. No.
Nullutslepp
I produksjon av biogass vert det frigitt CO₂. Denne vert sett på som CO₂-nøytral sidan den går inn i det naturlege CO₂-krinsløpet.
CO₂ frå biogassanlegg vert kalla bio-CO₂ og kan erstatte fossil CO₂ til å produsere kolsyre, tørris eller miljøvenlege drivstoff som mellom anna bio-metanol.
Norge har som mål at 25 prosent av husdyrgjødselen i landet skal gå til biogassproduksjon innan 2030.